Veen Gardscamping finn du på Veen i Bjerkreim kommune like ved det berømte Bjerkreimsvassdraget. Vi er 45 km. nord for Egersund, 20 km. frå Vikeså og 8 km. frå Byrkjedal (med koselig kafé) på Rv. 503

Vi har ei stor hytte, ca. 60 kvm. Ho vart bygd i 1995 og er lys og triveleg innreia med 3 soverom, bad, kjøkken, TV (NRK), fryseboks, kjøleskap og varmt og kaldt vann. Med denne hytta fylgjer det ein båt.

I tillegg har vi 9 små campinghytter med fire sengeplassar, kjøleskap, kokeplate og kaffitrakter. Sanitærbygg med varmt og kaldt vann, dusj og toaletter (også toalett for funksjonshemma) ligg like ved. Vi tek imot enkeltpersonar, grupper, skular, barnehagar, m.m. både på dagsbesøk (ring for å avtala tid) og overnatting.

På garden sel vi produkt laga av geiteskinn: pungar, m.m.

Vi har konkurransedyktige prisar!